Stryn Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Kyrkja med sommarbingo og 9-kyrkjerstur!


Det er sommar, det er sol, og for mange er det ferie! Dette vert ein annleis ferie for mange av oss. Mange har måtte legge nye planer, og fleire enn normalt skal ha heimesommar. På kyrkjekontoret har vi i det siste leita fram litt ekstra kreativitet, og det har resultert i ein sommarbingo og ein 9-kyrkjerstur.

Sommarbingo
Vi har laga eit bingobrett med 25 ruter. I kvar rute er det eit bilde og ei oppgåve. For kvar ting du gjer, sett du eit kryss. Oppgåva kan f.eks vere: «Smør deg med solkrem», «Et to is på ein dag», eller «Besøk ei kyrkje». Alle som har èi eller fleire fulle linjer får ein liten premie, og i tillegg trekk vi ein vinnar blant dei som har heile brettet fullt.


9-kyrkjers-turen.
Her i Stryn har vi mange fine kyrkjer. Kor mange av dei har du besøkt?  Denne sommaren har vi lyst å utfordre deg til å reise rundt i eigen kommune, og då kan  det vere fint å legge turen om kyrkjene.
9-kyrkjers-turen er litt som «Fjelltrimmen», der du får poeng for ulike toppar. På 9-kyrkjers-turen får du ikkje poeng, men eit løysningsord. Plakaten finn du på oppslagstavla ved kvar kyrkje. Når du har funne alle orda, skal du sette dei saman til ei setning. Du må gjerne kombinere kyrkjebesøket med ei gudsteneste, med det er ikkje eit krav.


Premiering
Både på sommarbingoen og 9-kyrkjersturen vil vi trekke ein hovudvinnar, som får gåvekort til bruk i Hydlaparken/Hydlastova. Vi håpar dette kan bli ein kjekk sommaraktivitet for både store og små. Frist for levering av skjema er 31.august.


Bingobretta er å finne ved kvar kyrkje, samt utanfor kyrkjekontoret og til utprint her:
Sommarbingo
9-kyrkjers-turen

 

Tilbake