Stryn Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Pinse- Kyrkja sin bursdag


Det er pinse!

ER Du KLAR for bursdagsfest??

Pinse kallast ofte for kyrkja sin bursdag. 

No håpar vi du har lyst å lage bursdag heime, saman med familien.

Vi har samla mange fine ressurasar for både vaksne og born i artikkelen her.


Alle som har ein 2. klassing i hus, og som står i registeret vårt har fått ein pakke i posten, men alle er velkomne til å være med på festen-

Dette kan du gjere:
1. Lag gelè eller noko anna godt.

2. Møt oss på YouTube frå ei bursdagspynta kyrkje!
Der skal vi fortelje deg kvifor kyrkja har bursdag i pinsa.
 

3. Teikn bursdagsteikning til kyrkja.

4. Lag bursdagsfest! Pynt bordet og lag hattar.

5. Ta bilde av teikninga og festen og send til beate.nes@stryn.kommune.no eller sms 98654244. 

Om de deler i sosiale media må de gjerne merke bilda med #Kyrkjaiindrenordfjord #Kyrkjasbursdag

Helsing trusopplæringa og alle sokneråda

Pinsegudstenester i Stryn 

24. mai; Pinsedag – Høgtidsgudsteneste.

- Nedstryn 11:00 Ved Henny Koppen

- Olden 11:00 Ved Knut Gjengedal

- Oppstryn 13:00 Ved Henny Koppen

25. mai; 2. pinsedag

- Sagedammen,Nordsida 12:00

Friluftsgudsteneste og familiedag. Predikant vert Olaf Sigurd Gundersen.
Fleire prestar og tilsette frå Indre Nordfjord
Eit samansett barnekor frå Nordsida/Utvik/Innvik og Blakset Hornmusikk vert også med


Andre pinseressursar
Quiz  
Samle familien til quiz i pinsehelga, eller test egen kunnskap om høytiden.
Bibelselskapet har samla mange gode ressursar om pinse for vaksne og born HER

 

Tilbake