Alle rettigheter 2019 Stryn Kyrkjelege fellesråd

Konfirmant 2020


Her ligg informasjon om konfirmantåret 2019-2020 i indre Nordfjord.

 

 

Det er snart sommar, og om ikkje lenge er du 9.- klassing. Då kan du velje å vere konfirmant eit år. Vi her i kyrkja håpar du vil vere det hos oss.

Konfirmantåret består av 5 ulike delar. Til saman omkring 60 timar.

1. KONFIRMANTGRUPPER m/undervisning
Konfirmantane kan velje mellom ulike modellar for undervisning.  (Gruppeynskje skjer i nettpåmeldinga.)

        A: Undervisning rett etter skulen ein gong i månaden:

                    - Stryn: ein torsdag i månaden i Betania, kl. 14.45-16.15

                    - Olden: ein tysdag i månaden i Solvang, kl. 14.10 – 15.45

                    - Hornindal: ein onsdag i månaden i kyrkja, kl. 14.40 – 16.10

B: Friluftskonfirmant – «Bål, mat og prat»

- med undervisning ute som frilufts-/speidaraktivitet. Base i speidarane sin gapahuk ved Stryn skisenter, ein tysdag i månaden kl. 17.30-19.00

C: Kreativkonfirmant
Kreativkonfirmant jobbar kreativt med dei ulike temaene i konfirmantåret. Dette er gruppa for deg som likar å lage ting med hendene. Du treng ikkje vere flink J
Ein torsdag i månaden kl. 17.30-19.00 (sannsynlegvis på Betania i Stryn, men vi ser an kor konfirmantane som ynskjer å vere med er i frå..)

D: Musikk-konfirmant

Deltek på TenSing (torsdagar kl. 19.00-21.00) eller SoulTeens (måndagar 18-20). Har difor færre undervisningstimar gjennom året. (SoulTeens følgjer Solvang-gruppa på nokre samlingar, mens TenSing har eigne samlingar i forkant av nokre av øvingane.)

E: Haustkonfirmant m/leir, - har konfirmasjonsdag den 5. september 2020.
Dette tilbodet er for deg som «heile» vinteren deltek på t.d. idrettsarrangement i helgene, og av den grunn har problem med å få med deg musikalsamlingane 1.-2. februar, 7.-8. mars og 21.-22.mars. Leirveke ein gong før skulestart 2020.
(Meir info om leiren seinare. Det kan verte ei tilleggsavgift her.) Du får velje undervisningsgruppe etter at vi har fått inn alle påmeldingane.


2. MUSIKAL

Også dette året vil vi jobbe med ei konfirmantoppsetting. Det vert obligatoriske øvingshelger med alle konfirmantane (ikkje Haust-konfirmantane) 1.-2. februar, 7-8. mars og 21-22.mars. Framføring av musikalen blir årets samtalegudsteneste, og konfirmantane tek del med ulike oppgåver.


3. KONFIRMANTTURAR   

I løpet av året skal vi ha nokre større konfirmantsamlingar. Det vert aktivitetsdag på Vereide laurdag 31. august og nattcup i Måløy 1. november.

4. FASTEAKSJONEN

Kvart år er konfirmantar og foreldre, saman med den lokale kyrkjelyden, med på Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon. Aksjonen finn stad veka før påske (31. mars). Vi ber om at alle konfirmantane stiller med ein vaksen.

5. GUDSTENESTER

I løpet av året skal konfirmantane delta på minst 8 gudstenester. Nokre av dei er spesielle og obligatoriske gudstenester som konfirmantane er aktivt med i, for eksempel presentasjon- og samtalegudsteneste. Dei skal også delta med oppgåver i 2 «vanlege» gudstenester.
(Bak i konfirmantboka er det skjema som skal fyllast ut og underskrivast etter kvar gudsteneste.)

Å BLI KONFIRMERT OG LITT OM DÅP
Ordet konfirmasjon kan bety både «å stadfeste» og «å gjere sterk». Konfirmasjonshandlinga er ei forbønshandling der vi ber Gud om å velsigne og styrkje kvar enkelt konfirmant. Det krevst ikkje noko vedkjenning frå konfirmanten. Det viktigaste med konfirmanttida er å bli betre kjent med den kristne trua, der Gud seier ja til oss og vil vere ein del av livet vårt.

For å bli konfirmert må du vere døypt. Dersom du ikkje er døypt, kan du bli det i løpet av året. Om du er døypt eller ikkje skriv du inn i nettpåmeldinga. Vi kallar inn til ein samtale om dåp litt ut i året for deg som ynskjer å bli døypt. Nesten kvart år er det konfirmantar som ikkje er døypt som barn.

PRIS
Det kostar å drive konfirmantarbeid. Konfirmantavgifta er sett til kr. 1000. Avgifta dekker undervisningsmateriell, seminar, aktivitetsdag, Nattcup, mat på samlingane, leige av konfirmantkappe, osb. (Som Musikk- konfirmant vil du få tilbod om fleire leirar. Betaling for desse kjem i tillegg)

Om nokon skulle ha problem med å betale avgifta ber vi om at de seier i frå, så vil vi ordne det (sjølvsagt utan at andre får vite det). Prisen skal ikkje hindre nokon i å vere med.

REGLAR
- Dersom konfirmanten vert sjuk, eller av andre grunner ikkje kan møte, skal foreldra gje beskjed til kyrkjekontoret. (Då må han/ho møte på ei av dei andre gruppene. Konfirmantar med mykje fråver vil måtte ta det igjen med heimeoppgåver eller ekstraundervisning.)

- Alle møter presis og har med materiell som Bibel, konfirmantbok og skrivesaker dersom ikkje anna er oppgitt.

-
Undervisninga utgjer til saman omtrent 60 timar konfirmantopplegg. Vi veit at mange unge er opptekne i fritida, men vi forventar at det som høyrer konfirmantåret til, vert prioritert høgt.

- Bruk av mobiltelefon i timane/gudsteneste/andre samlingar er ikkje lov.

- Alle har ansvar for at det vert gode samlingar. Vi viser omsorg og respekterer kvarandre.

 Offentleggjering av namn og bilde
For å få sette inn oversikt over konfirmantane i avisa før konfirmasjonen, og for å kunne bruke bilde som vert tatt, treng vi godkjenning frå heimen om at det er ok.

VIKTIGE DATOAR

Torsdag 6. juni kl. 20.00 : Felles informasjonsmøte for alle konfirmantar med foreldre i Nedstryn kyrkje.
           
Etter møtet: HUGS KONFIRMANTPÅMELDING PÅ NETT:  stryn.kyrkja.no


* 31. august: Aktivitetsdag på Vereide

* Presentasjonsgudstenester hausten 2019 markerer starten på konfirmantåret
          1. september:   Nordsida kl. 11, Loen kl. 11
          8. september:  Utvik kl. 11, Randabygd kl. 11
         15. september: Nedstryn kl. 11, Innvik kl. 11, Hornindal kl. 11, Olden kl. 11
         22. september: Oppstryn kl. 11

* Veke 40 (truleg): Konfirmant- og foreldremøte

* 1. november: Nattcup i Måløy

* Musikalhelger: 1.-2. februar, 7.-8. mars, 21.-22.mars

* 31. mars: Fasteaksjon

* Konfirmasjon 

I Stryn kommune er første og andre helga i mai faste konfirmasjonshelgar.
Her er datoane for 2020

Fredag 1. mai

Laurdag 2. Mai

Søndag 3. mai

Laurdag 9.mai

Søndag 10. mai

11.00 Innvik

11.00 Loen
13.00 Nedstryn
11.00 Randabygd
11.00 Olden

11.00 Nedstryn
11.00 Nordsida

11.00 Nedstryn
13.00 Oppstryn
11.00 Utvik

 

(Nedstryn: De får ynskje dag i nettpåmeldinga)

 

Velkommen til informasjonsmøte og som konfirmant frå hausten av!

Helsing staben i kyrkjene i Indre Nordfjord

v/ Konfirmantansvarleg- Kateket Beate Nes.
Tlf. 57874813/98654244

beate.nes@stryn.kommune.no

- Personopplysningar og val av opplegg/foreldreoppgåver skal registrerast i etterkant av møtet via ein påmeldingsmodul på Kyrkja i Indre Nordfjord si heimeside stryn.kyrkja.no. Påmeldinga opnar 6.juni kl. 21.00.

- Dersom tidspunktet for informasjonsmøtet ikkje passar, ta kontakt og meld frå kven de er, slik at vi har oversikt over kven vi ventar påmeldingar frå.

Tilbake