Anbodsutlysing - Tilbygg Nordsida kyrkje


Stryn kyrkjelege fellesråd ber om tilbod på totalentreprise for tiltaket:

Tilbygg til Nordsida kyrkje, med HC-toalett.

NB! Oppdatert med eit nytt vedlegg 10.09.2021

 

Nordsida kyrkje er frå 1973, bygd hovudsakleg i betong.

Hovudføremålet med tilbygget er å få eit HC-toalett på kyrkja sitt hovudplan, og vil i tillegg romme eit lagerrom.

Første byggetrinn for tilbygget vart utført i 2019. Dette er utført som ein delvis nedgravd underetasje i betongelement, slik at betongplatting med opplegg for VVS og elektisitet står klar som sokkel for dette nye tiltaket som inneber ferdigstilling av tilbygget.

 

I tiltaket inngår:

Reise tilbygg med isolerte betongveggar og tak. Det skal brukast betongelement som i sokkelen (ikkje Leca som det står på arbeidsteikningane).

Innreie HC-tilpassa toalettrom med inventar/utstyr, flislagt golv.

Optimal brukartilpasning ved samankobling til eksisterande bygg.

Montere vannpost på yttervegg for bruk tilknytta gravplass.

 

For detaljar vert det synt til vedlagde dokument med konkurransegrunnlag og arbeidsteikningar utarbeidd av arkitekt, nederst i artikkelen.

 

Frist for ferdigstilling av tiltaket: 10. desember 2021.

 

Det vert tilbodssynfaring torsdag 9. september kl. 9.00, med frammøte ved Nordsida kyrkje,  Rosetvegen 33, 6795 Blaksæter.

 

Tilbodsfrist er måndag 20. september kl. 12.00.

 

Adresser for levering av tilbod:

Postadresse: Stryn Kyrkjelege Fellesråd, Tonninggata 4, 6783 Stryn.

E-postadresse: kari.muri@stryn.kommune.no

Besøksadresse: Stryn Kyrkjelege Fellesråd, Kyrkjekontoret, Rognehaugen 11, 2. etg., 6783 Stryn.

 

Ved evt. spørsmål kontakt kyrkjeverje Kari Synnøve Muri tlf. 91327882 kari.muri@stryn.kommune.no

7 Vedlegg:

Konkurransegrunnlag

Plan 1 - Arbeidsteikning

Snitt B-B

Snitt C-C

Snitt D - Detaljar

Illustarsjonar utvendig

Supplerande dokumnent 10092021 Rombehandling/romprogram

Tilbake