Konfirmantåret- kva skjer no?


Også for konfirmantundervisninga har koronautbrotet konsekvensar. Her kjem litt informasjon.

 

Konfirmantmusikal
Konfirmantmusikalen «Kva kan eg gjere med det» som konfirmantane har jobba med i vår og som var planlagt søndag 22. mars, er utsett inntil vidare.

Konfirmasjon
Det er altså slik at det er anbefalt å utsette konfirmasjonen, og vi vel å følgje desse råda.
Det er vanskeleg å vite kva som er rett tid for å gjennomføre konfirmasjon. Vi har fått råd om å vente til veka etter påske med å sette nye datoar for konfirmasjon, i håp om at vi kanskje då veit litt meir om smittesituasjonen i landet, og vi ynskjer å følgje dette rådet.

Det er opna opp for å gjere unntak, så om det er nokon som har gode grunnar for å gjennomføre konfirmasjonen før hausen kjem, bed vi om at de tek kontakt. Så skal vi finne løysningar, sånn som vi gjer ved dåp og gravferd.

Fasteaksjon
Vi kan ikkje gå frå dør til dør i år, men aksjonen er minst like viktig i år som elles- tenk berre på korleis det ville vore om vi ikkje hadde reint vatn i desse dagar. Det vert oppretta digitale innsamlingar på kyrkja sine facebookside. Du kan også gi på vipps på 2426 eller send VANN på sms til 2426 (200kr)

Tilbake