Det er ledig stilling som kyrkjetenar og sekretær i Nedstryn sokn.

Stryn Kyrkjelege Fellesråd søkjer etter:

Kyrkjetenar i 25% fast stilling
Sekretær i 8,33%  fast stilling 

Det er ledig stilling som kyrkjetenar og sekretær i Nedstryn sokn.
Kyrkjetenaren si hovudoppgåve er å sørgje for orden og tilsyn i kyrkja. Jobben som sekretær for Nedstryn sokneråd er og ledig.
Dei to stillingane kan gjerne kombinerast, det må gå tydeleg fram i søknaden kva stilling(ar) det vert søkt på. 
Søknadsfrist: 31. januar

Arbeid- og ansvarsområde for Kyrkjetenar vil blant anna vere: 
•    Syte for at kyrkja blir klargjort og rydda i samband med gudstenester og kyrkjelege handlingar. 
•    Føre tilsyn med tekniske anlegg, inventar og bygning, og i samarbeid med kyrkjeverje vurdere trongen for utstyr og vedlikehald.
•    Ansvar for forsvarleg tilgjenge til kyrkja til eikvar tid.
•    Utføre reinhald av kyrkja. 
•    Ringe med kyrkjeklokkene etter reglement. 
•    Syte for at lov, forskrift og vedtekter for kyrkja vert følgde, ansvar for brannvern inngår i dette.

Arbeid- og ansvarsområde for Sekretær vil hovudsakleg vere: 
•    Utføre sekretærarbeidet for Nedstryn sokneråd, - innkallingar, møtereferat og oppfølgjing av sakene.
Både kyrkjetenar og sekretær har kyrkjeverja som næraste føresette.
Forrettande prest er næraste overordna i samband med gjennomføring av gudstenester og kyrkjelege handlingar. Sekretærjobben blir utført i tett samarbeid med Nedstryn sokneråd v/leiar. 

Søkjar må være medlem i Den norske kyrkja.
Vi tilbyr pensjonsavtale i KLP, løn og andre arbeidstilhøve etter KAs avtaleverk.

Vi ynskjer ansvarsfulle og fleksible søkjarar som kan arbeide sjølvstendig, og samtidig har evne til samarbeid.  Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Tilsetjing etter avtale.

Meir informasjon om verksemda: www.stryn.kyrkja.no
For nærare opplysingar, kontakt kyrkjeverje Kari Synnøve Muri på tlf. 91 32 78 82. 
 
Søknad med CV vert å sende innan 31. januar
Stryn kyrkjelege fellesråd,
Tonninggata 4,
6783 Stryn.
kyrkja@stryn.kommune.no
 

14.01.2019