Strikkegudsteneste i Nedstryn kyrkje søndag 14.oktober

Søndag 14. oktober kl 1900 blir det strikkegudsteneste i Nedstryn kyrkje.
Alle som vil tek med seg handarbeid og sit med dette i kortare eller lenger tid under gudstenesta.

Strikking på søndag var ikkje god skikk for nokre generasjonar sidan, då dette var arbeid for kvinner flest.
No er strikking rekreasjon og kvile, og faktisk seier forsking at det verkar positivt på kropp og sinn.
I alle fall er det slik at ein lyttar betre når ein sit med noko i hendene, så kanskje det kan vere grunngjeving for at vi gjer dette i ei gudsteneste.

Det blir nokså vanleg innhald i gudstenesta, men salmane kjem på veggen, og tekstlesinga blir utvida.

Den som vil kan kjøpe garn til eit skjerf som går til Kirkens bymisjon (200 kr) og strikke på dette under gudstenesta.
Ofringa går også til denne organisasjonen, slik varmar vi opp til TV-aksjonen helga etter.
Som kjent går innsamlinga i år til Kirkens bymisjon.

Velkomne på strikkegudsteneste, kvinner og menn, med eller utan handarbeid.
Kyrkjekaffi? Ja , sjølvsagt.

05.10.2018