SJØRØVARFEST FOR 4- ÅRINGAR!

HUGS PÅMELDING TIL SJØRØVARFEST FOR 4- ÅRINGAR I NEDSTRYN KYRKJE LAURDAG 29. SEPTEMBER!

Det vert ulike aktivitetar som skattejakt, innandørs fisking, drama, song - og møte med ein sjørøvar som ikkje får det heilt til. Ho har nemleg aldri funne ein einaste skatt! Kanskje kan 4-åringane hjelpe henne å finne ein skikkeleg skatt? Ein skatt som ikkje berre består av gullpengar, men også av skattar for livet! Det vert to sjørøvarfestar i Indre Nordfjord. (Laurdag 29.09 i Nedstryn kyrkje, kl. 13.00-14.30) og søndag 28.10 i Olden kyrkje, kl. 13.30 – 15.00. Søsken er velkomen til å vere med.

Påmelding kan sendast til beate.nes@stryn.kommune.no eller martine.bo.solbakken@stryn.kommune.no,  

 

Kjære foreldre/føresette

Vi ynskjer å satse på trusopplæring for born og unge her i Indre Nordfjord. I åra framover håper vi å kunne invitere til ulike samlingar kvart år. No er det sjørøvarfest og haustakkegudsteneste som står på programmet.

«Saman om skatten»- Sjørøvarfest for 4 åringane.
Med «Saman om skatten» som tema for trusopplæring i Indre Nordfjord kom ideen om ein sjørøvarfest for 4- åringar. Det vert ulike aktivitetar som skattejakt, innandørs fisking, drama, song - og møte med ein sjørøvar som ikkje får det heilt til. Ho har nemleg aldri funne ein einaste skatt! Kanskje kan 4-åringane hjelpe henne å finne ein skikkeleg skatt? Ein skatt som ikkje berre består av gullpengar, men også av skattar for livet! Det vert to sjørøvarfestar i Indre Nordfjord. (Laurdag 29.09 i Nedstryn kyrkje, kl. 13.00-14.30) og søndag 28.10 i Olden kyrkje, kl. 13.30 – 15.00. Søsken er velkomen til å vere med, dersom det er vanskeleg å få kabalen på heimebane til å gå opp.

Dei barna som ynskjer det, kan kle seg ut som sjørøvar - eller liknande. (Det er helt frivilleg med utkledning). Det er fint om barna får ei påminning heime om at det ikkje er ok med fekting og duellar - det kan jo bli litt vel voldsamt når så mange små sjørøvarar er samla J

Denne invitasjonen vert sendt ut til alle frå Hornindal, Nordsida, Randabygd, Nedstryn, Oppstryn, Loen, Olden, Innvik og Utvik som er som født i 2014, og som er døypt i Den norske kyrkje, eller kor ein av foreldra er medlem i Den norske kyrkje. Kjenner du barn som ikkje får invitasjon, men som du trur ynskjer å vere med, må du gjerne dele invitasjonen med dei. Det er viktig at alle som vil være med på sjørøvarfesten sender inn påmelding med all informasjon innan onsdag 26.09 (Nedstryn) eller onsdag 24.10 (Olden).

Informasjonen vi treng er:

Barnets namn, kontaktinfo til foreldre, og ei bekrefting på om det er ok at vi tek bilde som

kan bli brukt i «Kyrkjeklokka», trusopplæringsmateriell, eller liknande. Er det spesielle ting vi bør vite? (allergiar mm.) Vi vil også gjerne vite om det vert med ein vaksen saman med barnet, og evt. om det vert med søsken.

Påmelding innan onsdag 24.10 til beate.nes@stryn.kommune.no eller martine.bo.solbakken@stryn.kommune.no 

Familiegudsteneste med utdeling av 4årsbok (Haustakkefest)

23.09 Oppstryn
30.09 Nedstryn, Hornindal
07.10 Nordsida
14.10 Loen, Olden og Randabygd
28.10 Utvik og Ljosheim (Oldedalen)
4.11 Innvik

 

26.09.2018