Ledig fast 33,33% stilling som kyrkjetenar / sekretær

Stryn Kyrkjelege Fellesråd søkjer etter:

Kyrkjetenar/sekretær
i 33,33% fast stilling
.

 

Det er ledig stilling som kyrkjetenar og sekretær i Nedstryn sokn.

Kyrkjetenaren si hovudoppgåve er å sørgje for orden og tilsyn i kyrkja. Sekretærfunksjonen for Nedstryn sokneråd er ein del av stillinga.

Søknadsfrist: 18. september


Arbeid- og ansvarsområde for stillinga vil blant anna vere:

  • Syte for at kyrkja blir klargjort og rydda i samband med gudstenester og kyrkjelege handlingar.
  • Føre tilsyn med tekniske anlegg, inventar og bygning, og i samarbeid med kyrkjeverje vurdere trongen for utstyr og vedlikehald.
  • Ansvar for forsvarleg tilgjenge til kyrkja til eikvar tid.
  • Utføre reinhald av kyrkja.
  • Ringe med kyrkjeklokkene etter reglement.
  • Syte for at lov, forskrift og vedtekter for kyrkja vert følgde, ansvar for brannvern inngår i dette.
  • Utføre sekretærarbeidet for Nedstryn sokneråd, - innkallingar, møtereferat og oppfølgjing av sakene.

Kyrkjetenar/sekretær har kyrkjeverja som næraste føresette.

Forrettande prest er næraste overordna i samband med gjennomføring av gudstenester og kyrkjelege handlingar. Sekretærfunksjonen blir utført i tett samarbeid med Nedstryn sokneråd v/leiar.


Søkjar må være medlem i Den norske kyrkja.

Vi tilbyr pensjonsavtale i KLP, løn og andre arbeidstilhøve etter KAs avtaleverk.

Vi ynskjer ansvarsfulle og fleksible søkjarar som kan arbeide sjølvstendig, og samtidig har evne til samarbeid.  Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

 

Tilsetjing etter avtale.

 

Meir informasjon om verksemda: www.stryn.kyrkja.no

For nærare opplysingar, kontakt kyrkjeverje Kari Synnøve Muri på tlf. 91 32 78 82.

 

Søknad med CV vert å sende innan 18. september
Stryn kyrkjelege fellesråd,

Tonninggata 4,

6783 Stryn.

kyrkja@stryn.kommune.no

29.08.2018