Invitasjon til førsteklasses gudsteneste!

Etter sommarferien skal mange spente seksåringar begynne på skulen, og vi i kyrkja vil feire alle desse flotte seksåringane med ei heilt spesiell gudsteneste før skulestart! Vi oppmodar alle skulestartarar om å ta med skulesekken på gudstenesta veka før skulen startar, så lovar vi at dei skal få noko spennande å putte opp i! Foreldre, søsken, besteforeldre og andre er også varmt velkomne til å vere med, og saman skal vi lage fest for årets heilt førsteklasses seksåringar!

I år vert førsteklasses-gudstenestene lagt til Nedstryn, Loen, Innvik, og Nordsida kyrkje, men førsteklassingane frå Oppstryn, Olden, Utvik, Randabyg og Hornindal er sjølvsagt også invitert til desse gudstenestene. I kyrkja skal vi synge ilag, høyre ei forteljing frå Bibelen, få noko spennande å putte opp i ranselen og kanskje må vi sjå om ikkje Jesus også er med i sekken?Mange, både store og små, kan nok kjenne på ei kjensle av å «gruglede» seg til skulestart. Ein både gledar seg og gruar seg på same tid. På gudstenesta skal vi snakke litt om dette. Invitasjon kjem i posten i byrjinga av august, eller du fin dei her: https://www.dropbox.com/sh/ffjpnndtbkcqq80/AAD1UMzyXUhh2kmePZNHrQlXa?dl=0  der fin du også invitasjon som barnet kan gi til besteforeldre, fadrar eller andre dei vil invitere med i kyrkja
 

03.08.2018