Velkomen som konfirmant 2018-2019

Det er snart sommar og om ikkje lenge er du 9. klassing, då kan du velje å vere konfirmant eit år!! Vi her i kyrkja håpar du vil vere det hjå oss!

VELKOMEN TIL INFORMASJONSMØTE MED INNSKRIVING (PÅMELDING)
torsdag 31.mai kl.18.00-19.00 i Nedstryn, Hornindal og Olden kyrkje


Fyll ut innskrivingsskjemaet (på begge sider!) og ta det med på møtet. Val av opplegg og foreldreoppgåver kan de fylle ut etter at det har fått meir informasjon under møtet. Dersom tidspunktet for informasjonsmøtet ikkje passar, ta kontakt – sjå opplysningar i slutten av brevet.

Ei viktig tid- eit viktig val!
Du er berre eit år unna ein høgtideleg dag i livet ditt.
Velkomen som konfirmant i Nedstryn, Oppstryn, Loen, Olden, Innvik, Utvik, Nordsida, Randabygd og Hornindal kyrkjelyd!


Konfirmanttida er ei tid for å tenkje nye tankar, få nye opplevingar og kanskje nye venner! I konfirmanttida er det tid og rom for å tenkje og stille spørsmål. Ei tid for å lære meir om Gud, om deg sjølv og om andre menneske.
     
Konfirmantåret består av 5 ulike deler.
Undervisning i konfirmantklassar, musikalarbeid, konfirmantdagar/turar, fasteaksjonen og gudstenester.  Tilsaman omkring 60 timar konfirmantopplegg.


1. Undervisning i konfirmantklassar
Konfirmantane kan velje mellom 5 ulike modellar for undervisninga.

A: Undervisning rett etter skulen ein gong i månaden:
- Stryn: ein torsdag i månaden. Kl. 14.40-16.10
- Olden: kl. 14.10 – 15.45. ein tysdag i Solvang
- Hornindal: kl. 14.30 – 16.00,  ein onsdag i månaden i kyrkja.

B: Konfirmantspeiding med all undervisninga som friluft/speidar-aktivitet:
Base i gapahuken ved Stryn skisenter, ein tysdag i månaden kl. 17.30-19.00

C:Kreativkonfirmant
Kreativ konfirmant jobber kreativt med dei ulike tema i konfirmantåret. Dette er gruppa for deg som likar  å lage ting med hendene. Du treng ikkje vere flink…
Ein torsdag i månaden kl. 17.30-19.00 (sannsynlegvis på Betania i Stryn, men vi ser ann kor konfirmantane som ynskjer å vere med er i frå..)

D: Musikk konfirmant-
deltek på Ten Sing
(Torsdag Kl. 19.00-21.00) eller SoulTeens.(måndag 18-20).
2-3 eigne undervissamlingar kvart semester. (evt saman med dei andre konfirmantane, avhengig av kor mange vi blir)

E: Haustkonfirmant med konfirmasjon september 2019.
Dette tilbodet er for deg som heile våren er opptatt med idrett (eller andre ting), og difor har problem å få med deg helgesamlingane  som vi skal ha på våren.  
Haust 2018: Delta på presentasjonsgudsteneste, Aktivitetsdag på Vereide, nattcup + oppgåve på gudsteneste
Vår 2019: Delta på konfirmantundervisning etter skulen, 1 gong i månaden.

Haust 2019: Leir siste veka i sommarferien, samtalegudsteneste, konfirmasjon 7. september.

2. Konfirmanthelgar med musikalarbeid      Dette året vil vi jobbe med ein konfirmantoppsetting. Det vert samling med alle konfirmantane 19-20. januar, 9-10. mars, 30-31.mars. Framføring av musikalen blir årets samtalegudsteneste, og konfirmantane tek del med ulike oppgåver.

3. Konfirmantturar     I løpet av året skal vi ha nokre større konfirmantsamlingar. Det vert aktivitetsdag på Vereide laurdag 1. september, Nattcup i Måløy 2. november.

4. Fasteaksjonen.         Kvart år er konfirmantar og foreldre, saman med den lokale kyrkjelyd, med på Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon. Aksjonen finn stad veka før påske. (9. mars) Vi ber om at alle konfirmantane stiller med ein vaksen denne dagen.

5. Gudstenester.       I løpet av året skal konfirmantane delta på minst 8 gudstenester. Nokre av dei er spesielle og obligatoriske gudstenester som konfirmantane er aktivt med i, for eksempel presentasjon og samtalegudsteneste, dei skal også delta med oppgåver i 2 «vanlege» gudsteneste. Bak i konfirmantboka er det skjema som skal fyllast ut og underskrivast etter kvar gudsteneste.

Viktig informasjon om det å vere konfirmant 

Å bli konfirmert og litt om dåp.
Ordet konfirmasjon kan bety både «å stadfeste» og «å gjere sterk». Konfirmasjonshandlinga er ei forbønshandling der vi ber Gud om å velsigne og styrkje kvar enkelt konfirmant. Det krevst ikkje noka vedkjenning frå konfirmanten. Det viktigaste med konfirmanttida er å bli betre kjent med den kristne trua, der Gud seier ja til oss og vil vere ein del av livet vårt. For å bli konfirmert må du vere døypt. Dersom du er døypt ein annan stad enn i Indre Nordfjord, treng vi dåpsattesten din. Dersom du ikkje er døypt, kan du bli det i løpet av året. Skriv på påmeldingsskjemaet at du ikkje er døypt, så tek vi ein samtale om det litt ut i året. Nesten kvart år er det konfirmantar som ikkje er døypt som barn.

Pris
Det kostar å drive konfirmantarbeid. Konfirmantavgifta er sett til 1000 kr . Avgifta dekker undervisningsmateriell, seminar, Nattcup, mat på samlingane, leige av konfirmantkappe, osb. Giro for innbetaling vert sendt ut til hausten. (Som Musikk konfirmant vil du få tilbod om fleire leirar, betaling for dei kjem i tillegg) Om nokon skulle ha problem med å betale avgifta ber vi om at de seier i frå, så vil vi ordne det (sjølvsagt utan at andre får vite det). Prisen skal ikkje hindre nokon i å vere med!

 

                   VIKTIGE DATOAR (Det kjem fleire datoar ved oppstart til hausten)

* Det vert felles informasjonsmøte for konfirmantar og foreldre
 Randabygd, Nordsida, Oppstryn og Nedstryn sokn:  Torsdag 31.mai  kl. 18.-19.00 i Nedstryn kyrkje
Hornindal sokn:  Torsdag 31.mai  kl. 18.-19.00   i Hornindal kyrkje
 Utvik, Innvik, Olden  og Loen sokn: Torsdag 31.mai  kl. 18.-19.00 i Olden kyrkje
* Aktivitetsdag på Vereide 1.september 

* Presentasjonsgudstenester hausten 2018 markerar starten på konfirmantåret
2. september: Nedstryn kl 11, Olden kl 11, Nordsida kl 11
9. september: Hornindal kl 11, Loen (Kenndalen) kl 12, Oppstryn kl 20
16. september: Randabygd kl 11
23. september: Utvik kl 11

* Konfirmant og foreldremøte på hausten truleg veke 40

* Nattcup 2. november

* Musikalhelgar: 19-20. januar, 9-10. mars, 30-31.mars

* Fasteakjon 9. mars

* Konfirmasjon
4. mai: Nedstryn kl ll, Loen kl 13, Hornindal kl 11
5. mai: nedstryn kl 11, Nordsida kl 11, Utvik kl 11
11.mai: Oppstryn kl 11, Innvik kl 10, Olden kl 12
12. mai: Nedstryn kl 11, Randabygd kl 11
7. september: 
Avhengig av kor konfirmantane er frå. 1-3 stader

LAST NED PÅMELDINGSKJEMA HER: 

 

15.05.2018