Drop-in-dåp 27. mai?!

Drop-in-dåp i Loen kyrkje

Vi som jobbar i kyrkja møter av og til menneske som ynskjer dåp for seg sjølv eller borna sine, men som av ulike grunnar ikkje har fått gjennomført det. No tilbyr Loen kyrkjelyd dåp for alle som ynskjer det, både bygdafolk og andre. Det skjer i Loen kyrkje siste søndagen i mai. Det blir ikkje nødvendig med førebuingar av noko slag, det er berre å møte opp i sakristiet bak i kyrkja, med den eller dei som skal døypast. Ta gjerne med personnummer, dåpen må registrerast. I sakristiet blir det ein dåpssamtale, og så går vi inn i kyrkja og gjennomfører dåpshandlinga. Kyrkjelyden spanderer kake og kaffi på dåpsfylgjet etterpå. Dåpskjole kan vi også låne ut, dersom det er ynskjeleg, - men det er sjølvsagt ikkje krav om dåpskjole for å bli døypt.

Dette tilbodet er prøvd ut i fleire kyrkjelydar i Noreg dei siste åra, og det viser seg at det kjem folk i alle aldrar for å bli døypt. Nokon kjem med babyane sine, andre med større born, og der kjem nokon som ynskjer konfirmasjon i kyrkja men som ikkje har blitt døypt tidlegare. Også vaksne og eldre menneske har kome for å ta imot dåp.

Når vi no tilbyr dette i Loen kyrkje, er det også for å møte behovet hos dei som ikkje ynskjer å arrangere den store festen, eller dei som ikkje vil ha så mykje blest om dåpen sin. Kyrkjelydane her i Indre Nordfjord vil gjere det enklare å bli døypt, anten ein er ung eller gammal. Det betyr at ein kan kome som ein er, åleine eller saman med andre, utan avtale og utan anna førebuing enn at ein har bestemt seg for dåp.

Dåpen er ei gåve frå Gud. Vi klarar ikkje alltid forstå kva som skjer i dåpen, men vi kan ta imot og seie takk. Vatnet i dåpen kan kjennast. I dåpen kan vi kjenne at Gud veit om oss og at Han er glad i oss. Dåpen handlar om å høyre saman og å høyre til – i Guds kyrkje i verda og i Den norske kyrkja. Velkomne til dåp i Loen kyrkje.

Vanlege spørsmål:

  • Kvar og når er det?
    Loen kyrkje 27. mai 2018 kl 1300-1600
  • Kostar det noko?
    Nei, det kostar ingenting.
  • Kan eg ta med familie?
    Ja, du kan ta med dei du ønskjer. Du er også hjarteleg velkomen om du kjem åleine.
  • Kva med fadrar?
    Alle som blir døypte må ha to fadrar som kan støtte den døypte på vegen. Hvis fadrane ikkje kan delta, kan to vitne bekrefte dåpen. Kyrkja kan stille med vitne, og fadrar, viss du ikkje har det sjølv.
  • Tek det lang tid?
    Det kjem litt an på om det er kø eller ikkje. Men dåpssamtalen og sjølve dåpshandlinga vil ta mindre enn 1 time.
  • Kva skal eg ha på meg?
    Vi har dåpskjolar og kapper i ulike storleikar for dei som ønskjer det, men den som blir døypt treng ikkje dåpskjole eller spesielle klede, ein kan bli døypt i dei kleda ein har på seg.
  • Kva skal eg ha med meg?
    Du må ha med personnummeret ditt, slik at vi får registrert deg. Den som skal døypast må også ha to fadrar eller vitne. Hvis du ikke har fadrar eller vitne sjølv, stiller kyrkja med dette.
  • Er det aldersgrense på drop-in dåp?
    Nei, det er det ikkje. Du er velkomen til dåp om du er ein nyfødd baby, barn, ungdom eller vaksen.
  • Eg bur ikkje i Loen, kan eg kome likevel?
    Kven som helst kan kome til drop-in dåp i Loen kyrkje, uavhengig av kvar dei bur.

Om du har andre spørsmål, ta kontakt med kyrkjekontoret i Stryn, Henny Koppen (tlf 57876185) eller Beate Nes. (tlf 57876183) eller bruk epost: henny.koppen@stryn.kommune.no  eller   beate.nes@stryn.kommune.no

 

04.05.2018