Overnatte i kyrkja!? Bli med på Lys Vaken

Har du lyst til å være med på noko spennande? Vil du være med på Lys Vaken?

Det er snart advent, og då feirar kyrkja nyttår. Dette feirar born landet rundt med overnatting i kyrkja.

Du kan vere med og overnatte i kyrkja!

Nedstryn:Vi samlast laurdag 02.12. kl.18.00 i Nedstryn kyrkje.
Nordsida/Randabygd:Vi samlast laurdag 02.12. kl.18.00 i Nordsida kyrkje.
Loen/Olden:Vi samlast laurdag 09.12. kl.18.00 i Loen kyrkje.
Då skal vi leike, bli kjende med kvarandre, synge, lage gudsteneste, utforske kyrkja, ete mat og altså overnatte i kyrkja.
Hugs at du kan vere med sjølv om du ikkje vil overnatte i kyrkja.

Lys vaken handlar om å være lys vakne for det som skjer rundt oss. Vi skal være lys vakne for kvarandre, for Gud og for oss sjølve.

Søndag

På søndag et vi frukost saman, før vi førebur oss til gudstenesta. Når gudstenesta tek til, skal vi vere med og vise kva vi har øvd på. Foreldre, sysken, besteforeldre, fadrane dine og alle andre er hjarteleg velkomne til å bli med.

Bibel til alle!
Som ein del av trusopplæringa deler vi ut Bibel. Denne vil bli delt ut på gudstenesta søndag 10.12.
Om du ikkje kan vere med på Lys Vaken, er du velkomen til å få Bibelen på gudstenesta likevel. (Om du ikkje kan møte i det heile, ta kontakt så finn vi ei ordning.) 
 

PAKKELISTE

• Sovepose og pute

• Liggeunderlag (ikkje for stort)

• Toalettsaker

• Pyjamas  

• Lommelykt

   IKKJE ta med godteri– vi kjøper inn alt felles!

 

PROGRAM

 

Laurdag
18.00  Frammøte. Kyrkjevandring, Song, Leik
20.00  Frukt
20.15  Vi førebur drama, skriftlesing, song, musikk til gudstenesta
21.00  Pizza
22.30  Soveposesamling
23.30  Ro- God natt

Søndag
08.00 Vekking
08.30 Frukost
09.00 Rydding
09.30 Førebuing til gudsteneste
11.00 Gudsteneste i Nedstryn kyrkje 


Påmelding

Snakk med dei vaksne i huset og be dei melde deg på. Pris kr.100. 
Påmelding Nedstryn og Nordsida Randabygd innan 28.11 på mail til: guro.enerhaug@stryn.kommune.no
Påmelding Loen/Olden innan 5.12 på mail til beate.nes@stryn.kommune.no

Informasjonen vi treng:
Namn, kontaktinfo, spesielle behov?
Vi treng hjelp til pizza, vaksne som kan vere saman med oss, nattevak, kake kyrkjekaffi, 
Godkjenning på om det er ok å ta bilete av borna (Til bruk i kyrkjeklokka, trusopplæringsmateriell, eller liknande)

 

 

 

23.11.2017