Sjørøvarfest for 4 åringar!

Splitte mine bramsegl, det er tid for å melde seg på sjørøvarfest!  Vi gler oss til skattejakt, pølsefest og eit møte med ein sjørøvar som ikkje får det heilt til.. Han har nemlig aldri funne ein einaste skatt! No håpar han 4- åringane kan hjelpe han å finne ein skikkeleg skatt? 

Det vert to sjørøvarfester i Indre Nordfjord. Måndag 09.10 i Nedstryn kyrkje kl 11.30-13.00 eller Søndag 15.10 på Randabygd grendahus kl. 13.00-14.30.   Søsken er velkomen til å være med, dersom det er vanskeleg å få kabalen på heimebane til å gå opp. Det vert to sjørøvarfester i Indre Nordfjord. Alle 4-åringar i Indre Nordfjord er velkomne, påmelding til beate.nes@stryn.kommune.no eller sms til 98654244. 

Informasjonen vi treng er:
Barnets namn, kontaktinfo til foreldre, og ein bekrefting på om det er ok at vi tek bilde som kan bli brukt i kyrkjeklokka, trusopplæringsmateriell, eller liknande.
Er det spesielle ting vi bør vite. ( Allergi mm)
Vi vil også gjerne vite om det vert med ein vaksen samen med barnet, og evt om det vert med søsken.

Vi gler oss!

05.10.2017