Trusopplæring kva er det, og kvifor skal vi drive med det?

27. mai 2003 vedtok stortinget trusopplæringsreforma for Den Norske kyrkje. 

Den øka fokusen på trusopplæring i kyrkja er eit resultat av endringar i skulens undervisning. Trusopplæring er ein danningsprosess der oppdragelse, undervisning, tradisjonsformidling og kristen praksis speler saman.
Dei siste åra har vi brukt mykje tid her lokalt på å revidere den lokale planen, i tråd med den godkjente planen frå stortinget. No er planen ferdig, og godkjent frå biskop og vi gler oss til å møte born og ungdom til monge kjekke samlingar i åra framover.
I mange år har det vore lys vaken, tårnagent, utdelig av 4 og 6 årsbok og mange andre kjekke tiltak for born og ungdom.
I 2015 – 2020 vil det bli starta opp fleire nye tiltak, for å fylle krava i planen vedteken av stortinget. Planen frå stortinget seier at alle born frå 0-18 år kvar år skal bli invitert til trusopplæringsamling og at tilbodet skal være på omkring 315 timar iløpet av desse åra.

25.09.2015