Konfirmant 2016-2017

Konfirmant 2016-2017

KVA VIL DET EIGENTLEG SEIE Å VERE KONFIRMANT?          
            *        Du er ein del av ei konfirmantgruppe som er ein viktig del av kyrkjelyden
            *        Du får møte menneske som verkeleg trur at Jesus lever i dag.
            *        Du skal lytte, lære, gjere og oppleve.
            *        Du går på gudstenester og har oppgåver i ein eller fleire av dei.
            *        Du gir trua ein sjanse til å spire og gro. Her er det plass for tru og tvil
                      og saman kjem vi kanskje eit stykke vidare
            *        Å la nokon be for deg på konfirmasjonssøndagen
            *        Å vere positiv og engasjert i konfirmasjonstida.
            *        Du forpliktar deg til å vere ein god medkonfirmant.
Ynskjer du dette, trur vi du vil få ei spennande konfirmasjonstid!

Konfirmantåret består av 5 ulike deler.
Undervisning i konfirmantklassar, musikalarbeid, konfirmantdagar/turar, fasteaksjonen og gudstenester.  Tilsaman omkring 60 timar konfirmantopplegg.

Undervisning i konfirmantklassar
Konfirmantane kan velje mellom to ulike modellar for undervisninga.

  1. Undervisning rett etter skuletida ein gong i månaden:

- Stryn: ein torsdag i månaden. Kl. 14.40-16.10

- Olden: kl. 14.10 – 15.45. ein tysdag eller onsdag i månaden i Solvang

- Hornindal: kl. 14.30 – 16.00,  ein onsdag i månaden i kyrkja eller kyrkjelydsstova.

  1. Konfirmantspeiding med all undervisninga som friluft/speidar-aktivitet:

      Base i gapahuken ved Stryn skisenter, ein tysdag i månaden kl. 17.30-19.00


3 Konfirmanthelgar med musikalarbeid
Våren 2017 vil vi jobbe med ein konfirmantmusikal. Det vert 3 helgar med undervisning og musikaløving. 10-11. februar, 1-2. april og 21-23. april. Framføring av musikalen blir årets samtalegudsteneste, og konfirmantane tek del med ulike oppgåver.

Konfirmantturar
I løpet av året skal vi ha nokre større konfirmantsamlingar. Det vert aktivitetsdag på Vereide laurdag 27. august, Nattcup i Måløy 4. november.

Fasteaksjonen.
Kvart år er konfirmantar og foreldre, saman med den lokale kyrkjelyd, med på Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon. Aksjonen finn stad veka før påske. (4.april) Vi ber om at alle konfirmantane stiller med ein vaksen denne dagen. (http://www.fasteaksjonen.no/)

Gudstenester
I løpet av året skal konfirmantane delta på minst 8 gudstenester. Nokre av dei er spesielle og obligatoriske gudstenester som konfirmantane er aktivt med i, for eksempel presentasjon og samtalegudsteneste, dei skal også delta med oppgåver i 1-2 «vanlege» gudsteneste. Bak i konfirmantboka er det skjema som skal fyllast ut og underskrivast etter kvar gudsteneste.

 

                   VIKTIGE DATOAR (Det kjem fleire datoar ved oppstart til hausten)

* Det vert felles informasjonsmøte for konfirmantar og foreldre
 Randabygd, Nordsida, Oppstryn og Nedstryn sokn: Onsdag 1. juni  kl. 17.30-ca18.30 i Nedstryn kyrkje Hornindal sokn:  Onsdag 1. juni  kl. 20-21.00  i Hornindal kyrkje
 Utvik, Innvik, Olden  og Loen sokn: Torsdag 2. juni  kl. 18-19.00 i Olden kyrkje
* Presentasjonsgudstenester hausten 2016 markerar starten på konfirmantåret
Sundag 4. september: kl. 11.00 Hornindal

Sundag 18. september: kl. 11.00 Nedstryn, Innvik, Randabyd
Sundag 18. september: kl. 16:00 Loen (Nesodden)
Sundag 25. september: kl. 11.00 Oppstryn, Olden, Nordsida

Sundag 2. oktober: kl. 11.00 Utvik

* Aktivitetsdag på Vereide 27.august

* Konfirmant og foreldremøte på hausten veke 40

* Nattcup 4. november

 

* Musikalhelger: 10-11. februar, 1-2. april, 21-23 april.

Konfirmasjonsdatoar 2017
Laurdag 20. mai:
Nedstryn kyrkje kl 11.00

Randabygd kyrkje kl 11.00

Søndag 21. mai:
Olden kyrkje kl 11.00

Helgetorsdag 25. mai:
Nedstryn kyrkje kl 11.00
Oppstryn kyrkje kl 13.00
Nordsida kyrkje kl 11.00
Utvik kyrkje kl 11.00

Laurdag 27. mai:
Nedstryn kyrkje kl 11.00
Loen kyrkje kl 11.00
Innvik kyrkje kl 11.00
Hornindal kyrkje kl 10.00 og 12.00

v/ Konfirmantansvarleg Kateket Beate Nes

Tlf. 57874813/ 98654244